Naturtypar under press
Mange av naturtypane i høgfjellet er avhengige av stabile klimatiske forhold. Når temperaturane stig og snøforholda endrar seg, kan samansettinga av artar gradvis bli endra.
I den nye rapporten frå Biofokus blir snøleigene løfta fram som ein av naturtypane som er særleg utsette. Snøleiger er klassifiserte som sårbare (VU) i Norsk raudliste for naturtypar, og klimaendringar blir peika på som den viktigaste trusselen.
Snøsmelting, kortare periode med snødekke og ei gradvis heving av skoggrensa kan over tid føre til endringar i desse naturmiljøa. Samtidig er dette endringar som kan vere vanskelege å oppdage utan systematisk overvaking.
Eit auge på framtida
For å kunne dokumentere utviklinga vart det sommaren 2025 etablert 17 faste prøveflater fordelt på fem lokalitetar i Geirangerfjord- og Nærøyfjordområdet: På Jashaugen og ved Jondalsvatnet i Nærøyfjordområdet og på Dalsnibba, Tretindanibba og ved Oaldsvatnet i Geirangerfjordområdet er det no etablert faste overvakingsflater i nokre av dei mest særmerkte høgfjellsområda i verdsarven. Her, mellom snøfonner, breforland og høgtliggjande snøleiger, skal framtidige registreringar vise korleis klimaendringane påverkar naturmangfaldet over tid.
Ruteanalyse 25×25 cm (t.h.) Prøveflate mlllom Fresvikvarden og Jashaugen i Nærøyfjorden. Alle foto: Maria Hertzberg. Biofokus.
Nye funn i fjellet
Oppstarten av overvakinga har også gitt ny kunnskap om naturmangfaldet i verdsarvområdet.
I samband med feltarbeidet vart det registrert 13 raudlista moseartar som tidlegare ikkje var kjende frå verdsarvområdet. I tillegg vart det registrert ei rekkje vanlege artar av både mosar og karplantar.
Rapporten peikar på at kunnskapen om fjellnaturen i området fram til no har vore avgrensa, og at kartlegginga har gitt viktige nye data. Forfattarane meiner også at det truleg finst fleire artar som enno ikkje er registrerte.
Prøveflatene er fastmerkte og koordinatfesta slik at dei kan kartleggast på nytt i framtida. Ved å registrere karplantar og mosar etter standardiserte metodar kan ein samanlikne resultata over tid og følgje korleis fjellnaturen utviklar seg.
Overvakinga gir dermed eit viktig kunnskapsgrunnlag for å forstå konsekvensane av klimaendringar i eitt av dei mest særprega fjord- og fjellandskapa i verda.
Høyfjellskarse. Foto: Maria Hertzberg
Verdsarven strekkjer seg heilt til fjelltoppen
Vestnorsk fjordlandskap er kanskje mest kjend for dei bratte fjellsidene, fjordane og kulturlandskapet. Høgfjellet, snøleigene og områda kring breane er ein viktig del av naturprosessane som har forma landskapet gjennom tusenvis av år. Når desse miljøa blir påverka av klimaendringar, handlar det ikkje berre om enkeltartar, men om endringar i sjølve økosystema som er ein del av verdsarven.
Difor blir dei små prøveflatene i fjellet meir enn forskingsruter. Dei blir varsellampar som kan fortelje oss korleis naturen endrar seg – og gi forvaltninga kunnskapen som trengst for å følgje utviklinga i åra som kjem.
Det er berre ein liten rest att av snøfonnen oppe ved Rosshamrane i Jonadalen, Nærøyfjorden.
Breitt samarbeid om kunnskap
Datainnsamling og overvakingsopplegg er gjennomført av økologane Maria Hertzberg og Torbjørn Høitomt i Biofokus på oppdrag frå verneområdeforvaltning og verdsarvorganisasjonane i Vestnorsk fjordlandskap. Arbeidet er ein del av den langsiktige kunnskapsoppbygginga om naturtilstanden for Vestnorsk fjordlandskap.
Målet er ikkje berre å dokumentere naturen slik den er i dag, men å skape eit kunnskapsgrunnlag som gjer det mogleg å forstå endringar som skjer over tid.
Referansar
Hertzberg, M. og Høitomt, T. 2026. Kartlegging og overvaking av fjellvegetasjon i Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap. Biofokus rapport 2026-001. Stiftelsen Biofokus. Oslo
Skrive av Else Ragni Yttredal