Heim - Søsterpark-samarbeidet med Glacier Bay

Søsterpark-samarbeidet med Glacier Bay

Unesco legg ned ein stor innsats for å styrkje samarbeidet mellom dei ulike verdsarvstadene. Samarbeid gir innsyn i og ei betre forståing for mangfaldet av natur- og kulturarv – og er ei hjelp i arbeidet med å ta vare på desse verdiane for generasjonane som kjem. I 2019 signerte Vestnorsk fjordlandskap ein samarbeidsavtale med Glacier Bay National Park i Alaska.

Meny

Signering av avtale med Glacier Bay National Park

Foto Steven Schaller

Lærerike vennskap

Samarbeidet mellom Vestnorsk fjordlandskap og Glacier Bay National Park i Alaska kom i stand gjennom det marine nettverket i Unesco. Her er 50 marine verdsarvområde med. Dette er område som Unesco kallar for «The Crown Jewels of the Ocean».

Møtet med Glacier Bay synte at vi har mykje til felles: om lag likeins skipstrafikk på verdsarvfjordane og mange av dei same utfordringane knytte til forvalting og vern. I Glacier Bay er det berre båttrafikk som går inn i verdsarvområdet. Der finst ikkje vegar og det bur ikkje folk i sjølve nasjonalparken. Både i Vestnorsk fjordlandskap og i Glacier Bay vert det arbeidd mykje med formidling, og i tillegg driv Glacier Bay omfattande forskingsarbeid. Både likskapar og ulikskapar gjer at vi kan lære mykje av kvarandre.

Foto Steve Schaller

Sporlaus ferdsel gir fordelar

I Glacier Bay kjem naturverdiane først. Det er strenge grenser for kor mange fartøy som får segle inn i området. I tillegg er dei mest sårbare områda stengde for ferdsel i periodar då dyrelivet er ekstra sårbart. Nasjonalparken påskjønar også dei mest miljøvenlege fartøya og dei som er villige til å leggje att midlar i formidling og forsking; dei får ein fordel i konkurransen om å kome inn i verdsarvområdet. Slik handterer nasjonalparken dei kommersielle interessene samtidig som dei tek vare på sårbar natur.

Måten Glacier Bay blir forvalta på, har vore til stor inspirasjon i arbeidet med å få til ei meir heilskapleg forvalting av Vestnorsk fjordlandskap. Stortinget har vedteke at skip som skal segle på dei norske verdsarvfjordane, skal vere utsleppsfrie frå 2026. Det ambisiøse vedtaket skaper utfordringar for cruisenæringa, men kan òg opne for ei ny, grøn verdiskaping kring verdsarvfjordane.

Foto Steve Schaller

Rangerane inspirerer til omsynsfull framferd

I Glacier Bay fortel «Park Rangers» om dei enorme isbreane og korleis det storslåtte landskapet vart til. Dei er meistrar til å oppdage bjørnen som ruslar ved strandkanten, og villgeita som beiter mellom ville hamrar, og dei gler seg over å kunne dele desse naturopplevingane med gjestene i parken.

Den viktigaste oppgåva til parkrangerane er å skape interesse. Når vi forstår samanhengane i det fine samspelet i naturen, er det lettare å skjøne kvifor vi bør verne om desse verdiane.

Parkrangerane i Glacier Bay deler raust av kunnskapen sin. Dei har kursa tilsette i verdsarven Vestnorsk fjordlandskap og inspirert oss til å utvikle vårt eige formidlingsprogram og tilsetje engasjerte fjordrangerar. Gjennom å dele styrkjer vi kvarandre. Målet er å gi dei som gjester verdsarvområdet, endå betre opplevingar og ei større forståing av vår felles verdsarv.

Foto Steve Schaller

Unge møte med verdsarven

Parkrangerane i Glacier Bay har utvikla online undervisningsprogram for skuleelevar på ulike alderssteg. Som i Noreg er det ikkje alle som har høve til å besøkje ein nasjonalpark eller eit verdsarvområde. Gjennom undervisningsprogramma kan elevane kome på digitale besøk.

Tenk å kunne sitje i klasserommet og stille spørsmål direkte til ein parkranger – og få høyre han fortelje om korleis kvalar får i seg nok mat, eller om rangordninga i ulveflokken! Parkrangeren tek elevane med rett ut i naturen gjennom foto og filmar, og dei får ei lærerik villmarksoppleving rett frå skulepulten sin.

Dette har inspirert oss i Vestnorsk fjordlandskap til å utvikle vårt eige undervisningsprogram for nettet. Vi gler oss til digitale møte med barn og unge – samtidig som vi satsar mykje på den direkte formidlinga, der vi kan møtast andlet til andlet. Knapt noko er meir inspirerande for oss enn å møte dei verkelege verdsarv-arvingane!

Foto Merete Løvoll Rønneberg

Forsking for vår felles verdsarv

Korleis opplever fiskar og sjøpattedyr støyen frå skipstrafikken? Kva konsekvensar får utsleppa av gråvatn frå cruisebåtane? Korleis påverkar beiting det biologiske samspelet? Mange av dei viktige spørsmåla treng vi grundig forsking for å kunne svare på. Dersom vi skal greie å ta vare på dei eineståande verdsarvstadene og sikre gode livsmiljø, må vi ha kunnskap om korleis samspelet i naturen fungerer.

I Glacier Bay har dei lukkast med å finansiere viktig forsking gjennom avgifter og sal av formidlingstenester til cruiseselskapa. Det er ei ordning alle nyt godt av: Cruiseoperatørane får parkrangerar om bord i skipa sine, og rangerane gir fornøgde gjester ugløymande opplevingar. Dette gir nasjonalparken gode inntekter som kan nyttast til både formidling og forsking. Slik kan dei tileigne seg ny kunnskap, ta betre vare på verdsarven og byggje endå betre formidlingsprogram. Kort sagt: ei verdikjede som er verdsarven verdig!

Foto Merete Løvoll Rønneberg