Meny

Velkomen til Vestnorsk fjordlandskap!

I dette verdsarvområdet finn vi dei lengste, djupaste, smalaste og vakraste fjordane på jorda.

Foto Finn Loftesnes

Utsyn fra Bakkanosi

Verdsarven Vestnorsk fjordlandskap

Fjordlandskapet er blant dei mest dramatiske og spektakulære landskapsformene som finst. Verdsarvområdet Vestnorsk fjordlandskap omfattar dei to delområda Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, som begge byr på eit breitt spekter av naturopplevingar.

Foto Merete Løvoll Rønneberg

Opplev verdsarven i Geirangerfjordområdet

Det mektige fjordlandskapet med alpine fjell, ville fossar og idylliske bygder har tatt pusten frå besøkande i over 150 år. Men kanskje er det dei små, jordnære opplevingane du vil hugse best – det å rusle berrføtt på ein seterstøl, prøve fiskelukka i eit fjellvatn, smake bringebær hos den lokale bonden, eller følgje råsa til fjellgarden på kanten av stupet?

Foto Kristoffer Nærø Ytterland

Geiter på Herdalssetra

Utsyn fra Undredal

Opplev verdsarven i Nærøyfjordområdet

Nærøyfjordområdet møter deg med vakre, levande bygdesamfunn klemt inne mellom stupbratte fjellsider. Her kjenner folket verdien av lokalhistoria si, og deler raust opplevingar for alle sansar: Bli med på fjorden, smak Undredalsosten, kvil på ein veglaus fjellgard. Slik kan du kome tett på dei verdiane som har gitt dette område Unesco verdsarvstatus. Velkomen!

Foto Snædis Laufey Bjørnadottir

Søsterpark-samarbeidet med Glacier Bay

Unesco legg ned ein stor innsats for å styrkje samarbeidet mellom dei ulike verdsarvstadene. Samarbeid gir innsyn i og ei betre forståing for mangfaldet av natur- og kulturarv – og er ei hjelp i arbeidet med å ta vare på desse verdiane for generasjonane som kjem. I 2019 signerte Vestnorsk fjordlandskap ein samarbeidsavtale med Glacier Bay National Park i Alaska.

Foto Steven Schaller

Signering av samarbeidsavtale ved Glacier Bay National Park

Utsyn frå Blomberg til Geirangerfjorden

Vegen mot verdsarvstatus

Somme byggverk og naturområde har så stor verdi for alle menneske at vi aldri kan erstatte dei dersom dei går tapt. Verdssamfunnet har eit felles ansvar for å ta vare på desse stadene slik at også generasjonane som kjem etter oss, kan oppleve dei og gle seg over dei. Men korleis kjem eit område på verdsarvlista?

Foto Per Eide

Kven bestemmer over verdsarven?

Kven bestemmer eigentleg over verdsarven? Kva plikter følgjer med å ha ein verdsarvstatus, og kven har ansvaret for å følgje opp? Svaret er at det er mange som har ansvar. Skal vi forvalte verdsarven godt, må alle vere flinke til å samarbeide.

Foto Nils Olav Talgøy

Jerv

Utsyn mot Skorene i Eidsdal

Foto Merete Løvoll

Ver trygg i naturen

Vestlandsnaturen er vakker, men terrenget er mange stader farleg. Tenk deg om og vel tur etter kor fjellvand du er, og kva friluftserfaring du har. Ta med deg det utstyret som turen krev.

Går de fleire saman, må de velje tur ut frå den i følgjet som har minst erfaring. Hugs at vêret raskt kan endre seg. Det kan vere store skilnader på temperaturen i dei lune bygdene ved fjorden og oppe på høgfjellet.

Er du glad i å gå på ski og vil oppleve fjell og toppturar, må du ha kunnskap om vinterfjellet og skredfare. Snøskred kan dra med seg steinar og lausmassar som rasar mykje lenger ned enn snøen. Det kan utgjere ein fare også for dei som går på tur i snøfrie, bratte lisider.

Vis respekt for kulturminne og kulturmiljø

Fjordgardar, setrar, steinmurar og andre spor etter korleis menneska har levd i dette landskapet, er viktige kulturminne. Ta deg ikkje til rette, men vis respekt for minna frå fortida. La ting få stå i fred. Vis omsyn og set så få spor etter deg som råd. Dei som kjem etter deg, set òg pris på gode opplevingar. Det meste av kulturminna er i privat eige, og vi må vere respektfulle gjester.

Allemannsretten gir deg rettar – og ansvar

Gjennom allemannsretten har vi rett til å bruke og hauste av naturen. Allemannsretten er eineståande for Noreg. Med ein slik rett følgjer det òg ansvar: All ferdsel skal skje omsynsfullt og utan å uroe dyr og fuglar eller skade planter, jordsmonn og landformer. Merk deg at det er skilje mellom innmark og utmark, og at det i nokre område er forbode å ferdast i hekke- og yngletida fordi fuglar og dyr skal få fred. Den som skal drive organisert ferdsel, må søkje om løyve frå verneområdeforvaltinga.

Vestnorsk fjordlandskap er det einaste naturområdet i Noreg som står på verdsarvlista til Unesco. Naturverdiane her er heilt spesielle, og dei må takast vare på for generasjonane som kjem etter oss.

Foss i Norheimsdalen

Foto Finn Loftesnes

Hjelp oss med å ta vare på verdsarven

Hugs at du er gjest i ein sårbar natur når du besøkjer verdsarvområdet. Her er ei liste over kva allemannsretten gir deg lov til – og kva ansvar som følgjer med denne retten.

Du kan ferdast fritt i utmark, både på barmark og på ski. Du kan sykle eller ri, padle, ro og segle. Du har ansvar for å rydde opp etter deg og setje minst mogleg spor etter deg. Mykje av søpla vi etterlèt oss, kan føre til store skadar på beitedyr og på ville dyr og fuglar dersom ho vert liggjande i naturen.

Du kan setje opp telt og raste i utmark, men berre dersom du er minst 150 meter frå hus eller hytter. Du kan likevel ikkje telte i meir enn to døgn utan samtykke frå grunneigaren, med mindre du er i høgfjellet. Vil du telte eller raste på innmark, må du ha løyve frå grunneigaren.

Du kan hauste frå naturen og fritt plukke bær og sopp, blomar, urter og røter så lenge du oppheld deg i utmark og er varsam og omsynsfull. Det er ein god regel at du ikkje dreg med rota når du plukkar blomar. Du kan plukke og ete ville nøtter på staden, men ikkje sanke for å ta med.

Du kan fiske fritt i fjorden, både frå båt og frå land. Du kan berre fiske til eige bruk, og du må bruke fiskestong eller snøre. Dersom du fiskar i elvar og ferskvatn, må du kjøpe fiskekort av grunneigaren. Barn opp til 16 år kan likevel fiske fritt i perioden frå 1. januar til 20. august. Men det gjeld ikkje dersom dei fiskar etter laks, sjøaure og sjørøye.

Du kan tenne bål, men hugs det generelle forbodet mot å brenne bål i utmark frå 15. april til 15. september. Det er likevel mogleg å bruke sunn fornuft: Dersom du er på skitur, eller det har regna mykje, eller du er tett ved vatn på ein stad der det opplagt er liten eller ingen brannfare, då kan du likevel tenne bål. Du må då først forsikre deg om at det er trygt å tenne bål, og så vere heilt sikker på at du har sløkt grundig og rydda etter deg før du drar.

Ta gjerne med deg hund, men hugs at det er utvida bandtvang i området – frå 1. april til 31. oktober – av omsyn til beitedyra. Du må alltid ha kontroll på hunden din og passe på at han ikkje uroar eller jaktar på fuglar, ville dyr eller husdyr.

Lat att grindene etter deg. Grinder er viktige for å halde husdyra på rett beite. Vert dei ståande opne, kan husdyr kome inn på dyrkamark og gjere stor skade på åker og eng, eller dei kan kome inn på område der dei kan bli skadde.