Vegen mot verdsarvstatus
Somme byggverk og naturområde har så stor verdi for alle menneske at vi aldri kan erstatte dei dersom dei går tapt. Verdssamfunnet har eit felles ansvar for å ta vare på desse stadene slik at også generasjonane som kjem etter oss, kan oppleve dei og gle seg over dei. Men korleis kjem eit område på verdsarvlista?
Foto Per Eide
Eineståande verdsarv
Det er Unesco (FN-organisasjonen for utdanning, vitskap, kultur og kommunikasjon) som avgjer kva område eller objekt som har slik eineståande universell verdi. Verdsarvkomiteen i Unesco vurderer dette grundig ut frå faglege tilrådingar og fleire strenge kriterium. Stadene som kjem gjennom nålauget, vert sette på verdsarvlista.
Verdsarvlista – World Heritage List – vart etablert av Unesco i 1972. Lista har som mål å verne om kultur- og naturarven i verda. For å kome på lista må ein stad oppfylle minst eitt av ti kriterium. Seks av kriteria er knytte til kulturverdiar, og fire er knytte til naturverdiar. Verdsarvlista syner kva stader eller objekt som er skrivne inn på naturfagleg grunnlag, og kva som er skrivne inn på kulturfagleg grunnlag. Nokre stader er «blanda stader», og står på lista fordi dei utmerkjer seg med både natur- og kulturkvalitetar.

Foto Espen Haagensen
Verdsarvkonvensjonen
Verdsarvkonvensjonen har stor utbreiing og er underskriven av 194 land. Han heiter formelt «Konvensjonen for vern av verdas kultur- og naturarv» og vart vedteken i 1972, etter at kulturminne og naturområde i aukande grad hadde vore utsette for press frå krigar, naturkatastrofar, forureining, turisme – eller berre ganske enkelt forfall.
Konvensjonen oppmodar alle land til å verne kultur- og naturarv av lokal eller nasjonal betydning. Hovudmålet er å identifisere kultur- og naturarv som har eineståande universell verdi og betyr noko for alle menneske. Behovet for eit felles løft, både menneskeleg og økonomisk, vart synleg gjennom den internasjonale redningsaksjonen av kulturminne i Egypt og Nubia då Aswan-dammen skulle byggjast i 1960-åra. Tiltaket ville ha ført til at dei eldgamle Abu Simbel-templa vart overfløymde og øydelagde. Seksti land deltok i redningaksjonen, mellom dei Noreg.
Sekretariatet for konvensjonen (Unesco World Heritage Centre) held til i Paris.

Foto Vegard Lødøen
Korleis få verdsarvstatus?
Verdsarvkomiteen (21 statspartar) avgjer på det årlege komitémøtet kva for nye område eller objekt som skal føyast til verdsarvlista, etter nominasjonar frå partslanda. Det er ein lang og omfattande prosess å få eit objekt eller eit område på verdsarvlista. I Noreg er det Klima- og miljødepartementet som har ansvaret for arbeidet knytt til verdsarven, men arbeidet med å nominere nye stader må òg vere godt forankra lokalt. Du får meir informasjon om søknadsarbeidet hos kulturminneavdelinga i Klima- og miljødepartementet.
Dersom dei nye nominasjonane oppfyller dei tekniske krava til innhald, vert dei overførte til Verdas naturvernunion (IUCN) og Det internasjonale rådet for kulturminne (ICOMOS) for fagleg vurdering. Desse rådgivande organa skriv ei fagleg tilråding til verdsarvkomiteen, som deretter tek den endelege avgjerda. Evalueringsprosessen tek eitt og eit halvt år og inneber feltbesøk og drøftingar i internasjonale vitskapspanel som er sette saman for å dekkje sentrale tema i søknaden.

Foto Merete Løvoll Rønneberg
Verdsarv i Noreg
Noreg fekk sine første to nominasjonar førte opp på verdsarvlista til Unesco allereie i 1979: Bryggen i Bergen og Urnes stavkyrkje. Seinare kom desse norske objekta til:
- Bergstaden Røros (1980)
- Bergkunsten i Alta (1985)
- Vegaøyane (2004)
- Struves meridianboge (2005)
- Vestnorsk Fjordlandskap (2005)
- Rjukan-Notodden Industriarv (2015)
Med unntak av Vestnorsk fjordlandskap er alle kulturobjekt. Vestnorsk fjordlandskap vart skrive inn på lista 14. juli 2005 under det 29. komitémøtet i Durban i Sør-Afrika, og vart det første verdsarvobjektet i Noreg med grunnlag i naturarven.

Foto Merete Løvoll Rønneberg
Verdsarv i verda
Meir enn tusen stader og objekt rundt om i verda har fått plass på verdsarvlista til Unesco. Dei fleste har grunnlag i kulturarven, langt færre i naturarven. Innskrivingane svingar frå dei vakraste naturområde, som til dømes korallrevet Great Barrier Reef, nasjonalparken Yellowstone og Victoriafalla, via eineståande byggverk som pyramidane i Egypt og den kinesiske muren, til minne etter grufulle historiske hendingar som konsentrasjons- og utryddingsleirane i Auschwitz-Birkenau.
Unesco arbeider for at verdsarvlista skal vere mest mogleg representativ. Dei fleste nasjonar har natur- eller kulturarv av eineståande universell verdi. Diverre er det slik at det òg har gått politikk i verdsarvarbeidet. Det er stor prestisje i å få stader eller objekt på lista, og difor er det ikkje alltid faglege vurderingar som får gjennomslag når nye nominasjonar når fram. Lista er i dag dominert av kulturarv framfor naturarv, og av rike land framfor fattige land.

Foto Merete Løvoll Rønneberg
Den lange reisa mot verdsarvlista
Det tok om lag ti år å få Vestnorsk fjordlandskap på Unesco-lista over verdas naturarv. Arbeidet var omfattande, med mange involverte også lokalt. Lokale arbeidsgrupper i begge fjordområda jobba med nominasjonsprosessen. I gruppene sat representantar frå administrativt og politisk nivå, og også frå fleire grunneigarar, næringslag og frivillige organisasjonar. Arbeidsgruppene samla inn viktig informasjon til søknaden, samtidig som dei hadde ansvaret for å orientere lokalsamfunn og andre interesserte.
Direktoratet for naturforvaltning (no Miljødirektoratet) fekk i oppdrag frå Miljøverndepartementet å leie arbeidet med å utforme søknadsdokumentet for Vestnorsk fjordlandskap. Søknaden vart send til Unesco i januar 2004. I etterkant har Unesco gitt tilbakemelding om at den innhaldsrike norske søknaden var blant dei beste dei nokon gong har fått.

Foto Peder O. Dybvik
Vedtaket: Endeleg på verdsarvlista
Vestnorsk fjordlandskap med delområda Geirangerfjorden og Nærøyfjorden vart skrive inn på verdsarvlista til Unesco 14. juli 2005 under det 29. komitémøtet i Durban, Sør-Afrika.
Området vart skrive inn med grunnlag i to naturkriterium: nummer 7, på grunn av den eineståande vakre naturen, og nummer 8, fordi det viser viktige fasar av jordhistoria, med pågåande geologiske prosessar som formar landskapet, og viktige geomorfologiske eller fysiografiske element.
I 2014 fekk det opphavlege vedtaket eit retrospektivt tillegg, slik at alle innskrivingane skulle vere i samsvar med ein ny felles mal. Her kom mellom anna føringar for forvaltinga av verdsarvområdet med.

Foto Merete Løvoll Rønneberg