Innsikt - Brev fra fjordene

Vi ønskjer å dele banebrytande forsking, feire den lokale kulturen vår, og ære naturen vi har lova å verne.

Foto Hyke Studio

Når snøen ligg lenge utover sommaren, oppstår heilt eigne naturmiljø i fjellet. Desse områda, kalla snøleiger, husar artar som er tilpassa korte vekstsesongar, stabile snøforhold og fuktig jordsmonn. Når is og snø smeltar, blir dei også stadig viktigare som indikatorar eller teikn på korleis klimaendringane påverkar naturen i Vestnorsk fjordlandskap.
Det dramatiske landskapet i Vestnorsk fjordlandskap er forma av is, vatn og geologiske prosessar gjennom tusenvis av år. I dag går området inn i ein ny periode med endringar. Høgare temperaturar, meir nedbør, kortare snøsesongar og aukande naturfare er i ferd med å påverke verdsarvområdet. Å forstå desse endringane er avgjerande for å kunne ta vare på dei eineståande natur- og kulturverdiane for framtida.
I over 1000 år har fjordbøndene drive dyra sine til fjellbeita over fjordane. Men tradisjonell beiting er langt meir enn historie: Det vernar fjellsidene mot erosjon og skred, tek vare på eit sjeldant artsmangfald og fungerer som ein buffer mot klimaendringane.
Står du i Geiranger og ser utover vatnet, er det lett å tru at storleiken ligg rett framfor deg. Men det viser seg at fjorden har halde på ei hemmelegheit.
Mellom fossar, bratte fjellsider og cruiseskip undersøker studentar og forskarar noko som er usynleg: svevestøv. Målingane deira reiser spennande spørsmål om luftkvalitet, turisme og dei komplekse miljøforholda i Geirangerfjorden.
Fossane er blant dei viktigaste attraksjonane i fjordlandskapet. Kvart år tek millionar av menneske bilete av dei enorme vassmassane som fossar ned fjellsidene. Få er klar over at det i det konstante sløret av vatn som omgir desse mektige fossane finst ei unik og svært sårbar verd som myldrar av liv.
Bli med under overflata i UNESCO-verdsarven Vestnorsk fjordlandskap. Desse opptaka frå kartlegginga av korallar i 2025 gir eit sjeldan innblikk i det rike livet i djupet av fjordane.
På vandring langs den gamle postvegen ved Ljøen let mange blikket gli utover landskapet – mot dei majestetiske fjella og den djupblå fjorden. Men under føtene våre ligg ei fascinerande historie om korleis tradisjonelt handverk, kisteveiter, er med på å ta vare på denne historiske ferdselsvegen.

Brev fra fjordene

Hold kontakten med verdensarvområdet


Kontakt oss i Geirangerområdet

www.fjordsenter.com

Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv
Dagleg leiar/Verdsarvkoordinator
Katrin Blomvik Bakken
Tlf. +47 70 26 38 10
 
Kontakt oss i Nærøyfjordområdet
 
Nærøyfjorden Verdsarvpark
Dagleg leiar/Verdsarvkoordinator
Gry Beate Mørk
Tlf. +47 95 14 14 38